Voldasoga


Hentet fra VOLDASOGA  bind II

Per Årviknes, Utgitt 1971


HUNNESET  G nr 39

Garden ligg på eit nes, og tuna ligg eit stykke opp frå sjøen.

Bygdefolket seier i daglegtalen Honn-neset. Rygh meiner at det

er dyrenamnet hund som ligg til grunn for narnnet, men truleg-

aste er det gn. horn - «hyrne», «Hyrneneset.» Ei folkeleg for-

klaring på namnet vil ha det til at då skottane hogde ut skogen

på Ullaland og løypte timberet på sjøen, la dei att hunen oppe på

Hunneshammaren, og sidan vart det så kalla Hunneset.


Ein kjenner ikkje narnnet frå eldre kjelder enn tiendelistene

frå 1603 og framover. Namnet er der skrive Hundenes, Huunde-

nes, Hundtznes, Hunndenes m. m.

Jordfunn frå eldre tider er ikkje kjende; men så langt ein

kan sjå (1603), har her vore l bruk, som i 1626 sådde 1½ tn.

korn, og skylda var: 1 våg 1 pd. 3 mk. fiskelandskyld, som Rosen-

krantsgodset åtte. Foringa var i 1658  1 hest, 1 okse, 10 kyr, 1 gris,

13 geiter og 10 sauer. Det var ikkje mange i Volda som skatta

for gris desse åra; men av ymse kjelder ser ein at grisen og var

husdyr. På eit ting i Volda i 1681 var Arne Hunnes og Jakob

Ullaland tiltala fordi dei hadde gjort skade på nokre griser som

hadde rota om på sæterstøylen. Arne og Jakob orsaka seg for ret-

ten med at dei berre hadde «skåret svinene noget lidet udj deres

næser, på det de ei skulle gjøre videre skade.» Retten fann vist

ikkje dette så unaturleg, for det var ei vanleg brukvis å kneppe

grisen (setje ein streng gjennom trynet), så han ikkje greidde å

rote i marka.


I 1666 hausta dei 10 tn. korn, og fora 1 hest og 16 bukrøter.

Tienda var 1 tn. havre og 1 pd. ost, og leidangen var: 1 geitskinn.

På garden var fureskog (sperreskog) og nok brenneved.

Rådmann Smith kjøpte garden av Rosenkrantzgodset og var

eigar i 1699. 11712 eig Margrete de Fine og i 1721 Hans Møller.

Knut Jonsson Koparstad er eigar i 1780, og på skiftet etter han i

1790 vart Bjørn ]onsson eigar.

I 1723 heiter det at garden er tungvunnen, men viss til korn.


Tuna låg noko opp frå sjøen. Dei hausta 3/8 tn bygg og 10 tn havre

og dei hadde ei lita kvern. Foringa var: 1 hest, 8 kyr, 4 ungfe, 10 sauer og 11 geiter.

Dei hadde hamning og sæter ½ mil frå garden. Det vart gjort framlegg om å setje skylda ned med 6 mk

I 1828 vart det halde utskiftning mellom Hunnes, Selvik og Ullaland på slåttemark og sæterstøyl, og i 1862 minnelig utskiftning av skogen mellom same bruka.  I 1872 vart det halde gjerdeskjøn, og i 1913 mellom same bruka og Vatne i Ørsta.

På garden er ei gammal bu, kalla ”bukkebuda” som er freda etter lov av 3/2 1920   Etter segna skal det vere første bua som var bygd rå garden,  Namnet har ho fått i seinare tid  av di dei bruka  å ha bukkar inn i ”gjengrene”  (sidegangane)   I fyrste høgda er ei himmelseng, festa til veggen, og på loftet er 2 sengar.

Byggveyrket er av solid tømmer, og dorstokkane er L aln høge.

På bøen er ein haug, kalla Martehaugen, og ein plass, kalla Synnevehola

Åkrane er kalla Kolda, Bjørneåkeren (Bjørnen lika å rive  opp korn her)

Selje-akeren, Svaleåkeren og Lambeåkeren.

Straks ovanfor naustet er tufter etter husmenner. Ei er kalla

«Sylvi-tyfta». Solveig, enkja etter Torbjurn Olson Høydalsnes skiulle bu der på sine gamle dagar.

Husmenn og andre:

N 1603-06  Anders på Hundenes, husmann

N 1626-27 Elling Olson Hundenes , heillønsdreng

N 1633 Peder Hundenes,   heillønsdreng

N 1636 Jon Hundenes, heillønsdreng.

N 1611  Ola Olson Hundenes  vart innkalla til militærtjeneste til Svinesund, men rømde heimatt i 1612. han fekk 8 dal. I bot ( 1 mel, jord = 8 dal.)



Brukarar av Hunnes:

1560 Arne. Av borna er kjende:

1.Jon, budde på garden.

2. Knut, budde i Fremmerlid

3. Ei dotter g. M. Wilhelm Olsson Årset

4. Tidemann Nedrelid


1603  Jon Arneson Hunnes. Skattar i 1645 for kona, 1 dotter og 2 tenestejenter.  Av borna er kjende

1.Arne br garden

2. Svein f 1630

1660  Arne Jonson Hunnes.  På tinget i 1656 fekk han 5 dalar i bot for eit brev han saman med broren Svein hadde skrive, då han enda var umyndig. Det var eit markebrev. På brevet hadde dei flytt nokre vokssegl frå eit anna brev. På segla var bumerka til lensmann Ola Pålson, Jon Sundal og Arne Årset.  Det er då opplyst at han gjekk i skule.

Han reiv brevet sund i retten, men molane vart samla og sette saman. Retten kom til at det var ”børneverk” Ein let derfor saka falle mot ei bot på 5 dal. Denne hendinga syner at Arne var skrivekunnig, Han er nemnd som lagrettemann i 1689 . Var gift med N. N Steinarsdotter Hjorthaug.

Born:

1. Steinar f 1656

2. Jon f. 1657 Stod i 1701 under det nye regimet i Kristiania.

3. Lars f. 1663

4. Anders f. 1668, utkommandert 1709

5. Lisbet f.1673 budde på garden.

6. Brit f?  Gift med Peder Olson Løndalen

7. Hilde f.? Gift til Høydalen

8. Sylvi f ?  gift til Stornes.



1705  Ola Hanson Vartdal.  Vart gift med Lisbet Arnesdotter Hunnes og tok over bruket ca 1705. han måtte bygsle oppatt i 1720 av Hans Møller, og seinare kjøpte han bruket. Ola d. 80 år gl 1740. Skifte 2.05  Lisbet d. 1743. Etter skiftet hadde han desse borna:

1.Jon f. 1700 Soldat 1730 budde då på Eikrem Var gift 1) m Mette Ellingsdottter Åm. Gigt 2) m Brit Steinarsdotter Reite br. Åm.

2.Erik. F. 1703.  Br garden

3.3 Peder  f 1706 Budde i Årvik, Skredestranda

4.Ingebrigt  f. 1711

5.Anne  f 1713  gift  1757 m Sjur Olsen Åmbø

6.Sisilie  f. 1715

7.Lisbet  f. 1717  gift 1755 m Frants Jonson Hjorthaugreite, br Frøland.


1738  Erik Olson Hunnes fekk skjøyte av foreldra 1738 gift 1741 m. Anne Jonsdotter Eide  Eirik d. 1755 skifte 15/8 Han selde bruket til Knut Koparstad   Born:

1.Ola  f. 1744  gift 1763 m. Brit Hjorthaug, br Velle

2. Jon f. 1750  Gift m. Brit Andersdotter Furenes.


1755  Jon Torbjørnsen Vassbotn  Gift 1755 m enkja Anne Jonsdotter Hunnes. d. 79 år gl i 1798 Han er nemd som lagrettem 1772  d 70 år gl 1789 , skifte 19/9   Born;

1.Torbjørn  f. 1756 br garden

2.  Ingeborg  f. 1759 Gift m. Steinar Olsson Humberset


1788   Torbjørn Jonson Hunnes  Gift 1788 m Marte Olsdotter Humberset . Torbjørn kjøpte garden  av Knut Jonson Koparstad i 1790  På tinget i 1791 melde han frå at mora ynskte å bo hos han, og han ville ta henne til seg på det vilkåret at han fekk arve henne. Syskena hans gjekk med på dette . Torbjørn d. 1806 skifte 31/7 Etter skiftet hadde han desse borna:

1.Johanne  f. 1790  Gift 1819 m Peder Ellingson Løfoll

2. Ola  f. 1793  br garden

3. Mette  f. 1798  Gift  1834 m Anders Torbjørnson Velle Budde på Alnes


1807  Ingebrikt Rasmusson Fylsvikbraut voks opp på Helset hos stykkfaren Daniel Anderson. Han vart gift 1807 med enkja Marte Olsdotter Hunnes. Ingebrikt d. 64 år gl 1842 og Marte d.. 74 år gl. 1844


1813  Ola Torbjørnson Hunnes fekk innløysingskvittering frå mor si og syskena i 1814  Gift 1819 m. Malene Nilsdotter Kalvatn. Ola d. 1874. Malene d 79 år gl  1875   Born:

1. Elina Marta  f. 1822  Gift 1857 m Ingebrikt Rasmusson Øvsteberget

2.Torbjørn   f. 1823  Br garden

3.Nils  f. 1829 Gift 1862 m Anne Petrine Knutsdotter Ullaland


1856  Torbjørn Olson Hunnes Fekk skjøte av foreldra i 1856 for 300 spdl. Han vart gift 1859 m Olina Jorgina Simonsdotter Kalvatn. Dei var barnlause. Torbjørn d. 1879 og Olina d. 62 år gl 1880


1878  ( Ingebrikt) Elias Rasmusson Øvsteberget  vart gift 1857 m Elina Marta Olsdotter Hunnes. Dei budde ei tid i Øvsteberget. Men selde bruket der og flytte til Hunneset som dei kjøpte av enkja etter Torbjørn Olsson for  Kr 2800   Elias d. 74 år gl 1904  Elina Marta  d.94 år gl i 1920   Born:

1.Ola  f. 1861  Br garden

2. Johanne  f. 1864 gift 1889 m Lars Jonson Bjørdal

3. Sivert  f. 1867  reiste til Amerika

4.Rasmus  f. 1860 d. 1871


1893  Ola Martinus Eliasson Hunnes  fekk skjøyte av foreldra i 1893 Gift 1893 m Berte Marta Nilsdotter Ullaland. Ola gjekk Voldens høyere Almueskule og var 2 år i Amerika. D. 1954  Berte marta d 1962   Born:

1.Elias  f. 1894  Oberstløytnant  Gift og bur i oslo

2.Nils  f. 1897  Undreoffiser  d. 1915

3.Lina  f. 1899 Gift m Sverre Olsen Drammen

4.Alfred  f. 1903  d. 1926 på underoffiserskolen Trondheim

5.Torbjørn  f. 1906  Br  garden

6.Anny  f. 1909   d. 1942

7.Ragna  f. 1912 Arbeider på spinneriet i Volda.


1934 Torbjørn Olson Hunnes  frekk skjøyte i 1934  gift 1940 m Borghild Andersdotter Sundnes, Rovdestranda   Born:

1. Marta  f.1941

2. Anny  f. 1943  Gift m Odd Ottestad  Andanes

3. Olav  f. 1947

4. Asbjørn  f. 1949