Utmarksgrenser

Utmarksgrenser og tvister



På Reitane var ein mann dei kalla han KiperLars. Han var formyndar for Ole Torbjørnson Hunnes. Faren til Ole døde då guten var 2 år, og guten fekk då Lars til formyndar, han var skrivekunni.

Lars byrja hogge skog utafor Ullaland. Brukarane i bygda var fornerma då. Då viste han fram eit papir der det stod at der var ein haug utafor Ullaland som var felleseie. Denne haug visste dei på Ullaland, Hunnes og Selvik ikkje noko um, men var det felles so hogg dei mest som mest vann. Nei, dette går ikkje sa Lars, me ruinera skogen.  Ja, når det er felles so må me byte det. På denne måten fekk Hjorthaug noke skog innafor elva.


Men i brevet skulde det stå at der var ein haug utafor Ullalandseter som eies i fellesskap. Men so hadde musa ete vekk seter. Far trudde han hadde vore musa sjøl.

Den haugen utafor Ullalandseter var sikkert Sendehaugen der dei laga bryne og sende av den raude steinen.



I bestemor sin tid var setra i fellesskap, dei slo og rykta ilag og raka ihop i 4 like store mue, og so tok dei ei kvar.

Eit år var det ein som ikkje var med og slo, men han kom då høye skulde delast. Der var ei såte han tykte var størst. Men då sa ei at der vist var ein stein under. Då tok han ei anna. Men stein var der vist ikkje.


Dei hadde beiterett burtanfor bakken. Som erstatning skulle dei halde gar mot Vatne. Eg er ikkje sikker på kvar den garen var, men der var morgåbeite. Dei for burt der i 4 tida og kom att til mjølkartid.



Den skogen Hjartåbygda tok i Vassberget flota dei over vatnet og kjaure det heim setreveien til Jellen, der frå hadde dei veg ned til Storeløypå. So bar det til sjøss med velting