Navn på bruksting


Navn og tyding av forskjelege  bruksting


TOVL

Eit tre kjerald av stava, jerne av eine, Eller dei hadde ei form som en stamp eller bøtte

Dei var brukte til skjyr.

Jerne i fisketia .  So hadde dei grautasul.


STRAKE

Eit trekjerald av stava. Brukt til å ha rjøme i, eller melk.


DALL

Eit trekjerald av stava med lok og handtak. Var brukt til smør eller graut osv.


BOMBE

Eit  kjerald til å medbringe reisemat. Laga som eit lett skrin.

Eit rim frå skulen:  Eit um bombå er ei glede, 2 um bombå   kan så vere. 3 um bombå er ei nød. 4 um bombå er ein død


LAUP

Som bombe


BORASK

Mattallerken av tre.


TVORE

"Visp" laget av toppen av en småfure


AMBAR

Trekjerald av stav med lok


RANDÅS

Ei stong inni skorsteinen straks over gruå til å henge skjeringane i og deri hikk grytå.


KOLE

Hengande skål med tran og veik i


KVERNHUS

Består av Kall, med spjeld, grunnmus, spenål. Sigle som bringa steinen med rundt.  Over og understein.  Teine, der ein slår korn i.

Teinåsen, som held teina uppe, så er der på teina en sko med skaketeina som står ned på kvernsteinen. Når den går runt, riste han skoen så kornet drys i kvernauga.

Understeinen ligg på to Luråsa. ( to bjelkar tvers over huset)

Med Spenålen som går inn i huset, løfter man grunnmusa, kallen og dermed oversteinen. På den måten justerte man trykket av oversteinen mot understeinen . Og dermed finheten på melet.


HØYSLEDA

Består av: To meida, 2 reima, 2 Hyninga, 4 sledetred, 4 nagla 2  veiende med fyregjersbreid . 2 tilje og ein kjylp. Tång til å halde fast høyet.I tånga  var eit tog som heite tångsim. Sim er det gamle norske navnet på tog.


BØRATOG

Eit tog på ca 6 favner, 3 favner dubbelt  med hovd ( ein ihopbøygd einekvist)

Toget gleid lett i den når børå skulde strypast.



Når dei skjilde korne frå halmen brukte dei TUST. Ei granstang med hol i enden, der var fastbundte eit trestykke. Dei la bundena ut over låven . Så slo dei kornet laus. Det som var ijen tok dei ut med SKJEDE.

Så turka dei kornet i ei stor gryte, for at det ikkje skulde brenne måtte dei rake i kornet støtt. Til det bruka dei ein litt lang stav med eit tverrtre i enden. Den kalla dei KÅRE



Når dei slo måtte ljåen slipast. Dei hadde ikkje slipestein i fyrste tid. Dei bruka ein olivinstein fastsett i marka, den heite SENDE.  Dei rikka ljåen att og fram. Ljåen var fest til ORVE med ei bjørkatåg. Dei fann ei jamn tåg, kløyvde henne å strauk den med knivbakken til ho vart mjuk, så fletta dei i hop ein bont så dei alltid hadde ferdi tege til bruk.


Ljå fekk dei jerne frå Horndalen, der smidde dei ljå um vinteren, um våren kom dei over Kviven til Kalvatn med ljåbøre som dei selde ut over bygdene her.


KIPE

Ei flat kasse med berereima så ein kunne bere (ha på ryggen)


SPIKESTAKE

Ein stake der det brann flisa av rot (tyri). Flisa når dei dukka ne enden som brann vart flamma sterkare. Svakare når den vart lyfta upp over. Når flisa var utbrent skifte dei inn ei ny.


Ihoplagt flatbrød ved steiking kalla dei Linabrød


ROKKEN var til spinning av tråd av ull. Men i gamal tid spann dei hamp. Den var vanskeligare å spinne enn ull. Eg veit at i rokken henna mor var eit hol i brøstet til å sette hampekreksa i. Det var ei avbitt grein dei hengde hampedokka i når dei spann hamp.

Eg såg ikkje det, men der hikk nokre heimespunne sildegarn i nauste som bestefar hadde brukt.

Lin spann dei vist på same måte som hamp.

Dei fyrste rokkane hadde eit brøst på skrå (enkel brøsting), seinare kom rokken med to brøst. Det eine over det andre. Hjulakselen kom då like høgt som snella. Ulla kjemde dei med KARA (kamba) to fjøle kledde på innsida med skinn som var fult av tindar av streng. Desse drog ein mot ein annan og lagde krulla. Eg krulla ofte ull til mor.

Dei spann all tråd og vov alt tøy til gangkle og sengkle å bereidde det.

Dei drog av seg sokkane, bløytte ullteppa i varmt vatn og trakka dei til dei vart mjuke.

Eg veit me behandla sokkane slik, men med hende, me rulla dei på ei fjøl til dei vart mjuke og god å gå i.


Skinn var og bereidde heime. Det var eg med på fleire gånger. Me la dei fyrst i røyte, det vil sei at me hengde dei i ei elv med stødi vatn. Vatnet måtte vere i stødi rørsle so huda låg og livde. Vist ikkje so la ho seg saman og håra losna berre botevis. Når huda hadde leie ca 14 dagar var håra lause og kunne skrapast av.


Etter skraping av hår og kjøt vart huda lagd i tynn barke av bjørkabork. Når surska var trekt ut vart skinne lagd i sterk BORKE * til det var nesten jennombarka. Vart skinne heilt jennombarka vart ikkje læret vasstett. So skulde det bråkast og smyrjast med lyse (bråking: rulla lædet saman til ein rull som ein bøygde og bende på kanten av eit bor).


Smure no og då litt lyse (tran). So vart ho arbeidt inn i læret. Var skinnet for lite borkaleie, vilde skotøyet verte hart. Var det for mykje, trakk det vatn. Der skulde vere ein tynn hinne i mitten som ikkje borka hadde nått inn til. Då vart skotøyet tett og mjukt.


* Bjørkebark. ( Borken mellom nevera og treet) Oppløst i vatn