Eline forteller

Elina Marta Olsdatter forteller:



Ei  soge  ho fortalde frå Ullaland.

I jereskjervet budde visst ein slump underjordiske. Og dei helt eit spetakkel nattestider so folk på garden fekk ikkje sove i fred. So varsla dei presten. Ho sa visst navnet, men eg huska ikkje det.  Han hadde ikkje tid til å kome personleg men sende med eit brev som dei skulde lese upp ved skjervet. Millom anna skulde det stå i brevet at kommer jei til Ullaland skal jei åpne dei bjerge som ikkje har vært åpnet før. Sidan hev der vore stille. Så dei underjordiske vart visst redde eller rømde.



Ei anna sagn frå Ullaland var um ein mann som helt på å brygge til jul. So mangla han litt eine til brygget og rusla fram i kleivaholå og skulde finne  noke  der.

Då høyrde han noke som ropte ” du må helse han skur døralur med at ho hatle er koma i fatle”

Då han kom heim sat dei ved boret og fekk seg mat. Medan dei fekk seg mat byrja han fortelje um det han hadde høyrt fram i kleivaholene.

Jau då losna det noke ut i dyra. Han Skur dyralur skulle sikkert av og redde sin kone.


I Selvika var ei hole med vatn i. Alle som plagast med vorte kunne berre vaske seg der so vart dei kvitt vortene.

Eldste syster mi var så plaga av vorte. Ho var inn i Selvikane og Anna viste kor hola var. Um vasken jelpte veit eg ikkje.


Bestemor var nok litt overtruisk. Ho fortalde at ein kveld bestefar jekk upp frå sjøen høyrde han noke som ramla i naustet. Han snudde ned igjen. Då var det ei fjøl som hadde ramla ned frå bitane. Den fjøla vart brukt til kiste åt Oline som døde litt seinare ( Kona til Torbjørn)

Dei fekk saga bor på Aurstad og i Høydalen. So der var ofte bord i naustet



Ein av karane frå Hunneset skal ha hogge inn namnet sitt i ein stein i råsa, neafor kvile i skjøråsen. Det var sagt at han gjorde det mens han sat og kvilde. Same leis i Kviteskjervet. Eg har leita etter på båe stadar men ikkje funne noko.


Selvik Hans fortalde at han hugsa so vidt Torbjørn Olsen, han var inn til byte for han då han var sjuk. Han mintes at Torbjørn sa at brøkorga kjem til å henge høgt i år.


Då bestefar kom på Hunneset var her røykstove.  Han bygde då ny stove. Under arbeidet begynte bygningsfolka å tale um at dei no spikra trofjølene. Då sa Arne Høydalsbø at det held ikkje. Ein annan, eg huskar ikkje namnet, sa ”kva seier han, held ikkje det” Då sa Arne litt spakare at det kunne  no hende at det gjorde det, men han rådde Elias frå  å spikre trodet.


Det stovehuset som stod her før bestefar kom her var  røykstove og stod Nor-sør

Vedahuset var bygt attåt sengjabuda og var utan borkledning  neover .


Då bestefar kom på Hunneset var her auksjon etter Torbjørn. Det var selt alt som laust var og vel så det sa bestemor. Dei kjøpte litt men såg seg ikkje råd til særlig.

Då  sa lensmann Smit: du må by Elias. ” nei eg byr so lenge eg går konkurs som mange andre”  Då gikk lensmannen litt nermare og sa ”Byd du  Elias eg skal slå til eg”  Då vart kirkeparten utropt og bestefar baud, men svært lavt  og lensmannen snakka noko ned i bøkene, og så retta han seg upp ”det blir Elias det” og so slo han til. Men då var det ein av arvingane til Oline som var litt gretten for at han fekk kirkeparten so bille.


Der stod ei nattpotte på bordsenden med syreblende til leskedrikk til folket som var på auksjonen. Lensmannen såg det og spurte om nattpotta var brukt til slikt. Då var det ein som svarte at den hadde vel ikkje vore brukt til anna , det var eit hendi krusekjerald til slikt bruk.