Torbjørns notater

TORBJØRNS  NOTATER




I gamal tid  låg setreveien høgt oppe.  Der går eit hammarslag frå Heida og heilt til Hesjabakkgaren.  Det var vanskelig å komme gjennom med vei. Den øvste gamleseterveien jekk fra Sprengsbakken til jellen utafor Ullaland

Utafor kvileskjervet som ligg nesten upp under heida ovafor kleivahola der var hammaren so lav og skrå at dei bygde ei timberbru  jennom hammaren.

Der timberbrua i øvste  gamleseterveien var hadde dei ein skogsteig i fellesskap som dei tok skog i til vedlikehald av den timberbrua.


I midten av 1800 var dei byrja bore stein, og so fylte dei opp i kleivahola og kom gjennom der . No fekk dei ein meir leiden og lett vei. Der dei fyllte upp ved hammaren vart det og halde stengt. Der heiter det nyeledet den dag i dag. Litt lenger framme skaut dei vekk ei nov. Der heiter det minehammaren enda.


Me hev på garden ei stor turkargryte. Den var kjøpt av Torbjørn og det seiest at han bar henne upp sjøveien. Han hadde henne på haude.


Når dei var på setra bar dei heim so mykje melk som dei kunne kvar dag. Resten slo dei upp i store treringer som dei fløytte fløten av. Når rjømehylkje var fullt tok dei det med heim. Sjyret slo dei i ein stor så. Når den var full for dei til setra med ei tynne. Dei fyllte skjyr i tynna, sponsa godt og rulla henne til vatnet, uti vatnet og inni båten. Rodde over vatnet , Rulla tynna ut i vatnet, på land og opp på ein slede som var laga til det bruk og kjørte den heim.

Det fortaldest at ein gong hadde ein bukk drukna i ein skjyrså, men jenta berre slengde bukken på taket og sende skyret heim utan å seia noko.

Setreveien var felles med Jarthaugs langs elva til Hanebakken , der delte han seg. Over elva i Syrevadet. Dei var berrføtt når dei for over elva og vod langs sleden. Når dei bar melk jekk dei på land jartåstøylen,  Over elva på jarthaugseter låg ein lang stein. ( Ein frå Hunnes hogg navnet i den) Dei tok den ved holmen og bytte ut trestakane.

Over Storelva hadde dei trestaker å gå på til det siste. Stokkane låg straks heim for jartåstøylen.

Over løken i myrane var og trestokkar. Der for ei jente nedi med hylkje på ryggen.  Stokkane over løken kan eg godt huske . Der var dreve ein stokk  neri myra på båe sider og fest ei skåte til rekkverk. Stokkane over Storelva kan eg ikkje huske på plass men eg minnest dei hadde lagt seg fast lenger heime. Elva hadde flytta dei. Det var heile fure. Femningstred.


I gamal tid var setrestøylen heilt nor under bakken. Der heite lisjejere. Men fonna tok setrehusa der. So flytte dei sela dit dei no står. Eg hev som ein drøym um at eg høyrde at dei prøvde nørst i sendehauen men at fonna tok sela der og, men det er vel bare barnefantasi.


Ved Skipeseglet skulde det vere eit spøkelse ( ei røyst) Ein høyrde det  jerne haustkveldane når det byrja verte mørkt. Mor sa at det var visst ein fugl som let der. Eg minnes ei gamal kåne som fortalde at ho hadde setra i Aldalen i 30 år og hadde alltid høyrt ditta såre sukket ”Å jøye me”


Det kom vekk ein mann ved Vikeskjeret. Han hette Nikolaje og var skreddar. Han skulde på Austefjorden i skreddararbeid og so kom nordvesten på han. So hadde han teke land på vikeskjeret. Han hadde fått på land kista og symaskina og butte båten. Men mannen var burte. Dei leita men fant intet.

Det gjekk mange rykte seinare. Han skulle vere sett i Nordfjord og seinare  noken i nornorge som måtte vere han, Det er no jysje. Mor trudde han var drukna der.


Det kornet dei dyrka på garen turka dei i eldhuset og bar det fram kvernveien frå legeskjervet over Martehauen og Jeddalshauen til Budalen ved Budalsskylet upp til Hesjabakken og vidare til kverna.

Dei bar i ei hit. Når dei flådde sau eller geit sprette dei skinnet upp over buken. Dei bereidde skinnet og sydde saman igjen. So sydde dei saman høgre framfot og bakfot. Same med venstre. På denne måten fekk dei ein kjekk pose med reima over skuldrane av førene og åpning der halsen var av.


Far tala um at der hadde stade eit kvennhus med inntak frå syrevadet. Det fraus aldri til so når dei skulde male julemaltet og andre kverna var frosen mol alle der. Han trudde at det måtte høyre til andre bruket på Ullaland.



I gamal tid var dei alltid i vinterfiske. Dei for ved kyndesmess* og kom igjen til påske. Dei bruka ein stor båt med feringskap med 4 årepar. So leigde dei hus  med ein øybu for båtlaget, 5 mann. Jerne 4 vande karar og ein nybegyndar. Når dei måtte ro so rodde  jerne alle, men under segling sat styrmannen med styrevolen. Ein kjentmann framme. Han som styrte såg ikkje so godt fram om stamnen for segla. Så ein pålitelig ein for storseglfallet og ein for fokke. Den yngste skulle gjerne ause . Under segl tok dei jerne inn sjø visst dei siglde hart eller det var storm. Det var ofte hart og sitte med handsyfte**.

*2 Februar

**Stort øsekar

Dei som ville ha fiskje reiste til ålesund kyndesmessdag.

Dei som helt ute båt var der då. Dei gjekk i gata og huka guta og spurde  um dei skulde ha rom. Jerne folk frå øyane som tinga folk frå fjorane.

På øyane helt mange ute båt.

Ei tid for her mange med skreppe. Det vil sei folk som for ront og selde vare. Frå Volda fekk dei se båtskyss til Homberset, jekk inn Hjartåbygda, so jekk dei upp jartåveien til Syrevadet og setreveien til Ullaland, Hunnes og Selvik og vidare inn stranda  til Austfjor. Ofte hadde dei tunge børe so det var slitsomt å vere skreppekar.

Eg huska ein dei kalla hundemannen. Han hadde ei lita firejula vogn med to honda fore. Han sat på når det var undabaakke men ellers jekk han.


Jennom Aldalen var ein mykje brukt faravei der for ofte fedrift. Dei som handla med hest eller kjyr for ofte gjennom her med mange dyr. Dei batt jerne eine hesten i rumpa på den foran. Eg huska ein dei kalla TrysetBern. Han var litt krank og jekk med krykke. Men han jekk Vatnedalen og Aldalen fleire gonger. På veien brukte han stolkjerre. Eg veit at far kjaure sauekjøtet burt til han då eg var liten, han saltavist og turka til spikekjøt trur eg. Eg veit ikkej om eg såg han, men haure han umtala.

Eg kjende ein dei kalla LidaLars. Han for ikkje med dyr, men var mellommann Han overnatta  ofte her jå far. Eg huska han sat i kjøkene ein kveld og sa at i år hadde han hatt berre kyr på hand. Ein annan kveld veit eg han sat og fortalde han hadde ete borkabrød. Mor sa då  ”Nei issa Lars, va det noke mat i det då”  Det veit ikkje eg, det var no magefylla i all fall var svaret.



Ein av siste gongane han var her og vilde kjøpe skinn var no far ikkje so ville å selje. ”Du veit kor det er med ein granne Lars, i år trur eg StorOla må få dei”

” Nei eg får dei i år og det er siste året mitt, neste år kan Ola få dei”.  Det sa du i fjor og sa far, og no er du komen ijen.

Han fekk skinna.


Tenarane hadde flyttedag den 9 Oktober.  Mikjelsmessdag* hadde dei fridag

Flytting um våren var Sumarmåldag  14 April.

Tenestejentene sov på fjøsjellen. Fjøsen til kyr var eit hus for seg sjølv. Åpen heilt i taket men lengst frå døra var lagt nokre planka frå raftal til  raftal.

Der var det litt høy som jentene låg.

*29 september



Då eg saga til bor  av raftallane av den gamle prestelødå fann eg disse merka:

KDSP- 1807       HSER – 1865      PRSH – 1788     1728 o j t o b

På det frå 1728 var bokstavane so utydelige at eg er litt osikker.



I gamal tid før dei kjende til fyrstikker brukte dei stål og flint til å slå ljos med. Og so bruka dei knøsk som var so lett tendbar. Bestemor fortalde kor dei laga han til for å få han lett tendbar. Men eg huska ikkje no anna enn at dei grov han ned nokre dagar.

Dei bruka han visst berre turka. Men han var ikkje så bra då.


Bestefar kom på Hunneset då Torbjørn døde. Då var her auksjon over gardsreidskap og innbu so her var so å seie snaut. Litt hadde dei nok med, og ein del laga han til, og ein del lånte dei den fyrste tida. 

Bestemor lånte vevstol i 10-12 år før det vart eien vevstol. Eg huska ho fortalde at bestefar bar vevstolen frå Selvika til Hunnes.

Det var nok vanskelig den fyrste tid. Men attåt garen handla han litt. Vatt via og laga sola og rodde ut i øyane og selde. Seinare helt han ute båt og dreiv vinterfiske. Eg huska Johannes Bjørdal fortalde han var med som leigd mann, og hadde 30 kroner for ei fiske.


Når bestemor låg ute saman med kyrne hadde ho ei feslekåpe.

Noko som likna ein kep i våre dagar. . Men av vemål. Dei likna ein stor sekk som dei rykte i hop kring halsen og knappa ihop framanfor. Og så var der to hol som dei kunne stikke armane ut i jennom om dei skulde jere noko.

Vemålet helt godt på varmen sjølv om det vart vått.