Bjørnehistorier



BJØRNEHISTORIER


Hovedsakelig gjenfortalt etter Elina Marta Olsdotter Hunnes

  f. 1826   d. 1920


På Hunnes hadde dei ei tenestejente som var slik ven med ei frå Ullaland.

På sætra låg dei i lag bestandig.

Ei natt kom der ein bjørn, han slo up gjeitfjøsdøra og tok ei geit og drog av stad med over støylen mot Kredeelva. Der var upsett ein varemur for elva. Den tente som gar.  Der var våndgar uppå. Her skulde bjørnen over, og det hefta han litt. Han hadde seg over med bakenden først.

Då jentene høyrde at bjørnen tok ei jeit for dei ut som dei var ( i adams drakt)

Den eine stussa litt og fann eit skjørt. Ho som var naka nådde att bjørnen ved Kredeelva då han skulle over garen. Ho kneip i geita og helt.

Den andre som kom etter daska bjørnen kring øyrene med skjørtet. Då slepte bjørnenog gleid med baken fyre ned i elva.

Han miste det måltidet, men han viste dei nokre kraftige tenner før dei skildest. ( At han viste tenner var et tegn på sinne)


Ei anna bjørnehistorie frå sætrevegen er denne.

Ei kåne jekk frå sætra og heim, ho bar på eit hylkje med skyr (surmelk)

Då ho kom heim der dalen er som trångast kom ein bjørn etter. Ho kasta av seg skyrhylket og tok til beins. Sidan har der heitt skjyråsen. 

Bjørnen stussa litt og slo sunt hylkje og slikka i seg skyret. Når jenta kom heim om hjellen der det bakka mot var ho sprengd. Sidan har der heitt sprengsbakken.

Ho sette seg ned, men fekk ikkje lang kvild før bjørnen kom. Ho kasta av seg livet og sprang. Bjørnen vart heft litt med å snuse på kleplagget so ho fekk litt forsprang igjen. Kvar gong bjørnen nerma seg kasta ho av seg eit plagg.

På den måten nådde ho Ullaland. Men der var ingen heime, folka var i marka og slo. Bjørnen for opp på taket og byrja rive på taket. Då tok ho ei never på ein staur, sette fyr på og stakk den opp gjennom ljoren å sette fyr i pelsen åt bjørnen. Då for han.

Dei fann han i tjønna på storeheia. Ein gong høyrde eg at det var i lisjevatnet på inste åsane.

Kånå skulle heite Johanne og være frå Rotset men være inngift på Ullaland.



Knut i Selvika hogde ei fure i Legda. Denne fura brukte bjørnen til å mele seg på. Han hogde henne ein dag. Ein dag seinare han skulle ta henne ut hadde bjørnen vore der og avberkt  fura. Og det påstås at bjørnen hadde prøvt å dra treet på plass igjen.



Ho byrja setre når ho var 12 år. Det var når ho hadde jetardag so låg ho når på vollå. Ho la seg inntil bjellekua og stakk handa inn i bjelleklaven. Kyrne for på morgåbeite klokka 4 og då skulde ho være med so dei kom til støls til mjelkartid.

Når ho soleis hadde handa i bjelleklaven vakna ho når kua for på beite. Sameleis vilde kua varsle um der var bjørn eller varg i nerheita.

Ho setra på Hunneset til ho var over 30 år. Og på den tid tok bjørn eller ulv aldri noko når ho jette. Men ho spåg dei ofte.

Eg forstod det slik at ho var ikkje so redd for bjørnen, men vargen var verre for han var so føl i kjeften sa ho.

Ho vart gift til Ødegård i Høydalsbygda og  der var ho i 15 – 16 år. So flytte ho til Hunneset då Torbjørn døde barnlaus.


Siste gången ho visste  um varg var når ho var der borte. Det kom ein mann frå høydalsbæ og sa at dei måtte stad og sjå etter øykjene for  no var der varg  i markene. Og dei jekk nokre karar. Dei fann alle  hestane,  men vargen hadde  vore der før enn dei. Men hestane hadde gått i lag mot ein bergufs med brøstet og spent bakover so jora var heilt oppriva og vargen hadde gitt opp



Når kvelden kom og far var ute og mor i fjøset, då kraup vi inn under boret der det var mørkt og fekk bestemor til å fortelle um før i tida som me sa.

Ho sat jerne ved komfyren der det var varmt.


Når geitene var på beite dagane hadde dei kjida heime i sumarfjøset.

Ein dag hadde bjørnen vore der . han hadde grave hol under sylestokken, men fekk ikkje holet stort nok til å nå ti noke kje. So gjekk han uppom å slo upp døra. Men då for kjea ut hole han hadde grave. So bjørnen ut og ront. Men då smatt kjea inn att.

Og so hadde dei helde på til kjea kom seg til skoga eit for eit.

Det synte spor etter bjørnen. Han hadde gått att og fram millom døra og hole han hadde grave.



Men ikkje alltid var han så uheldig. Ei natt hadde han vore på fere i jeitefjøset, men døra var for sterk, den klarte han ikkje å slå upp. Difor jekk han upp på taker, reve hol der og fått kloa i ei geit.  Åpninga i taket var i minste laget, men han hadde slite henne upp so gor hadde spruta ut over veggane.

Dei rakte blodvegen heilt ut på garsenden. Der låg bjørnen og åt jeitakjøt under ei stor einebusk. Vinden stod frå bjørnenog på dei so Torbjørn lurte seg heilt fram til. Han gjorde eit byks, riste i einen og brølte av full hals ”ka du gjær her”

Bjørnen kjipte seg og hoppa ut for ein liten hammar. Han såg upp på dei, so for han luskande ut over Ureløypå


Ho som mi bestemor kalla bestemor heitte Marte og var frå Homberset. Då sonen Ola tok garden hadde ho og mannen  (nummer 2) alt utafor elva nokre år. Dei husa på Hauen. Stove ogfjøs trur  eg dei måtte ha felles. Eg hev ikkje merka tuft etter låve eller fjøs. Derimot ein jorkjellar til poteter nest på hauen. Bestemor fortalde at det var dei som dyrka opp hauen. Ho var so flink å dyrke rabbe. Dei spurde henne korleis ho for åt, dei voks så godt. Svare var at dei måtte jøsle godt. Og det lest dei ha gjort. Men då sa ho at dei skulde jøsle so det jekk over skoen


Ei natt hadde bjørnen vore på fer, han hadde daska til fjøsdøra so det synte etter klørne. Men døra helt. Då vart han forarga og luska ned til nest i teien, der hadde marte ein rabbeåker. Han romsterte der , åt og slengde rabbe til alle kantar. Sidan har det heitt bjørnakloa.


Ein dag hadde bestemor og brørne vore ute  jå Marte  og fått nepe. Dei fortalde til mor si, Maline, kor mange nepe dei hadde ete.

”Issa, dokke he æte skitå på dokke” sa ho



Ein dag dei var på Nausa og plukka molte. Eg huksa ikkje namna på dei som var med, men truleg var det setrejenter. Då dei kom så langt at dei såg berplassen merka dei at det jek ein hobjørn med unge og åt molte. Dei tenkte på å snu, men så var der ein stor stein dei kleiv upp på  og så byrja dei kauke og skråle mest dei vann.

Bjørnen stussa litt og so for han sin veg . So kunne dei plukke molte.



Ein kveld bestemor helt på å jere seg ferdi til å gå på setra sto der ein mann i vedhuset og batt tog rundt livet. ”Å eg er so låk i liva lita” sa han.

Det var ein mindreevna som hadde ete noke forvela innmat. Det var om hausten i slaktetida.



Ho fortalde ei bjørnasoge som visstnok skulde vere frå Selvika.

Bjørnen hadde prøvd smalefjøsdøra, men då han ikkje greide den, gjekk han upp på taket. Reiv hol der og vilde få tak i ein sau den veien. Då hadde han visst tøygt seg litt for langt so han ramla ned i fjøset og kom seg ikkje upp att.

Ho som kom med høy um morgonen fekk eun støkk då ho møtte bjørnen i døra. Han rørde henne ikkje, berre for fort til skogs.

Når ho kom inn, sto krøtera klemde upp etter veggane. Bjørnen hadde ikkje rørt ei klau.

Bestemor sa at bjørnen rørde aldri noko når han følte seg i fella sjølv.