Bestemor 105 år


Til bestemor på 105 årsdagen  (1943)

( ordrett avskrift)


Vi les i vor soga om fremfarn dagar

Lenge før vi kom til jord

Tida kan tykes os myrk eller fager

Men lenge sidan det er

 

Men mangt som er soga og segn for os andre

For deg er det kvardagslitet slikkt

Du levde for mange stormen laut vandre

Som vi får fortalt om i dikt

 

Du fødtes då Karl Johan styrte landet

Den eventyrprins fra sør

Då stortinget sleit for å løyse på bandet

Som bandt os til Sverike før

 

Då Vergeland venaste songane laga

Du sprang alt og røkta på høy

Då borgarkrigane Amerika plaga

Var du alt ei vaksa ung møy

 

Då Bismark slo Frankrike og var på sit beste

Sat du alt med born og mann

Då riksreten dommen mot Selmer stadfeste

En deg på det frakkaste fann

 

Du levde i tide båd vonde og blide

Med krunår og uår og nød

Og mangt har du set som folk måte lide

Av sorger og sjukdom og død

 

Men mang en gang såg du glede og lukke

Og velstand ja rikdom i gard

Du såg vel og velsemd mot folk som laut sukke

Når tida var tungsam og hard

 

Det verk har dun gjort for garden og bygda

Og dei som stod nær deg på jord

Du sparde deg aldrig det altid var dygda

For kone på garden og mor

 

Vi sender en tak for det stræv og den tanke

For alle som etter deg kom

Vi takker for smil og for ros du let vanke

Så lenge vi endnu var barn

 

Vi takker for omsut og kjærleik og bøner

Når langt uti verda vi for

Vi trur den almektige engang deg løner

For truskap du synte på jord.

 

                                   Elias Hunnes