Historikk

Forord.


Torbjørn Hunnes har  skrevet ned en del som hans bestemor fortalde samt diverse andre historier etc.

Torbjørn skrev aldri doble konsonanter. Dette er rettet, men ellers er det ordrett avskrift med dialektord  og uttrykk  så langt handskriften kan leses.

-----------------


GARDSSOGE  FOR HUNNESET.


Um namnet Hunnes hev eg haurt mange tankar. Bestemor fortalde at ein dreng frå Ullaland skulde vere fyrste mann på Hunnes og visstnok jaktmann og at namnet kom frå hobjørnen   --  hynebere.

Eg hev merka meg at Ola i Olagarden på Ullaland uttala namnet med sterk u-lyd som hallar mot Y-lyd.

Vidare skal Ryg have meint at namnet kom av fortøyningshund.  Namnet var ei tid skrive Hundenæs  men før 1900(ca) talet hev namnet vore skreve Hunnes etter uttale.

Ola Årsetøy meinte at namnet kom av horn. Når ein kjem inn fjorden ser det ut som eit horn med ronding frå sjøen.

Oberstløytnant Elias Hunnes tala um at namnet kom av det engelske ordet hunt som betyder jakt eller fiske. Han hadde det fra ein lærar på middelskulen


På garen er ei gamal sengabud. Bestemor hadde hørt at det skulde vere eldste huset på garden, men det er svært tvilsamt . Far bygde henne um til bustad for veiarbeidara  og andre, men det runde timbreret og litt av trodet er frå den gamle bua og viser at det er tillaga med øks. Men han har skore ned dei høge dørstokkane og sett inn større glas.  I budaskotet og i jengrene var jordgolv.

Eg huskar farsyster sa at hadde buda vore som ho var når ho var ung var ho sikker på at mange ville sjå inn.

Dei kalla Bokkebuda, men far sa at det overnatta nokon og dei høyrde at det spøkte der og so vart det bokkebuda . Det skulle visstnok vere nokre jeitebukkar som var butne i jengrene.

Oldemor skulde riste i noko høy som låg til turk i jengrene det var myrkt og ho tok i eit menneske som låg der og sette i eit hyl. Då sa det frå høyet ”nei Malina det er eg” Det var ein mindreevna som låg der  ( dei jekk for lut og kaldt vatn den tid)


Garen hev haft sæter i Aldalen saman med Ullaland, Selvik og Skjeret. Markeslette i koppane og ved Yertaelva  (Hjorthaugelva o.a)

Torvrettar i Aldalen og kvernrett i Aldalselva .


Kvern hev og vore prøvd i den elva som renn gjennom tunet , Der hev vore kvernhus ved lødebakken og ei oppdemt tjønn i jæret. Då me dyrka der fann me stokka i jora som tydelig viste at der hadde vore deming . Der var inntorka tverrkjeppa for luke.

Kvernhuset ved lødebakken stod der veita byrjar. Då eg var liten såg eg tydeleg bersteina. Men eg reiv dei  då eg byrja på veita. På yste sida syne enno vekkvaska jord frå stemefossen. På inste sida kasta eg upp veitejor.



I Neset budde ein mann, Torbjørn. Han var frå Høydalsneset Han hadde med to barn, gut og jente. Kona var frå Høydalsvik og heitte Solvei jakobsdatter. Jenta vart gift på Vadstein. Guten døde som ung. Stedet der huset stod  heiter Sylveitufta. Torbjørn var svær og lage skrøner.

Eit eksempel;

Ein dag han var ute i Ålehilla og hogde vintersved miste han øksehaudet på sjøen. Ei go øks var veldig verdifull i dei dagar, so han stupte etter. Nådde ijen øksehaudet like før det nådde botnen ( 130 favner) På veien oppijen tok han også med ei storkveite. Den va så stor at det va 7 matamål frammafor auene. Alikevel va han so snar at berre øvste toppen på raudehuå va våt.


Her hev vore bykt båt på garen, og dei kom til sjøs berre på ein stad og der kallar båtejølet

Her hev vore køyreveg heilt til Holesletta. Enno kan ein sjå merke  etter den inn og opp i skitneteien. Derfrå hev dei nok kjøyrt opp rennemyra.

Her var bruksrett til ei kylne som stod ovanfor Ullalands bøgard. Den er no so godt som neddotta, bare murane står igjen.