Diverse sagn


SAGN SOM KNYTER SEG TIL GARDEN


Ei kvinne som ernærte seg med å tigge hadde segna på veg millom Ullaland og Hunnes ein stad me kalla Korsen. Sagnet seier at ho hadde ikkje fått hus og måtte gå til nermaste granne og so hadde ho ikkje vunne seg fram.

So var vel ikkje samvittigheita i orden sia dei hadde nekta hus og so grov dei ned ein kors der dei fann henne . Det for at ho ikkje skulde gå tilbake etter  døden. Det var nok ei som hadde tent so lenge ho orka det, so vart det å leve på nåde brød resten av si tid.


I ca 1840-1845 kollsiglde ein båt med trelast ved nova utanfor neset.  Onde kryssning var dei komne nær up under hammaren og under vending gjekk båten rundt og ein mann hadde vorte fast og fylgde med rondt og drukna. Bestemor fortalde at ho høyrde han rope um hjelp sia han var død. Ho sat på boret og sydde og var heilt sikker på at ho høyrde han rope um hjelp.


Ein brukar her på Hunnes hadde fått seg ei kåne som brukte mykje. So ein dag sa han til henne  at det var det same kor mykje han drog inn eine borenden når ho bar det ut den andre. Ho svara ingenting da. Ein gong han kom frå sjøen såg han noko mistenkjelig i eldhuset og sa det til kånå. Då meinte ho at det var ikkje so rart når han ikkje unte  henne upp i klova noko.

Eg hadde inntrykk av at det var noko i det for bestemor sa at det han hadde sett var visst noken fisk med moreld i. Ho kjende sikkert nermare til det, men det vart ikkje nermare spurt med meg.



I Jeilbakkhammaren er der ei djup sprekk som heite vargekloven. Der brukte dei å kaste nedi sjølvdauda lam osv.  Ein vinterdag det knaka på for mat for vargen hadde ein svolten ein trykt seg so langt at han sat fast og ikkje kom seg uppatt. Han måtte avlivast og endå måtte dei ha hjelp for å få han opp.

Sidan hev der vorte kalla vargekloven